Bestill boken!
Norge IDAG/Verdibanken - forsikring - stort banner
 

Onsdag 22. mai

Tipstelefon: 55 92 29 00 E-post: tips@idag.no  
Bruk idag.no som startside 
Untitled Document
Abort
Familie
Kristenliv
Midtøsten
Næringsliv
Politikk/Økonomi
Samfunn
Skole
Teknologi & Media
Abort
Friskoler
Midtøsten
Næringsliv
Samfunn & Familie
Tro og lære


Holocaust bok - NID kabb.no visjonnorge.com hjhome.org mamut.no/unihelse israeltoday.no morfarbarn.no homofili.com
 
Joffi
Europrint

Samla inn 1,2 millionar til hospitalskip


Russen på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund i Hardanger har samla inn nær 1,2 millionar kroner til Mercy Ships. Det tradisjonsrike årlege misjonsprosjektet på skulen slår stadig rekordar. På årets avslutningsfest overleverte leiarane i misjonsprosjektet, Håvard Drange og Kristin Eskeland, ein stor sjekk på 1.160.000 kroner til Erling Natvig frå Mercy Ships Norge.

Det tradisjonsrike årlege misjonsprosjektet på skulen slår stadig rekordar. På årets avslutningsfest overleverte leiarane i misjonsprosjektet, Håvard Drange og Kristin Eskeland, ein stor sjekk på 1.160.000 kroner til Erling Natvig frå Mercy Ships Norge. Leiinga for den internasjonale hjelpeorganisasjonen er mektig imponert over innsatsen og den store gåva.

Skulen har lagt til rette for engasjementet, men prosjektet er hundre prosent elevstyrt. Også elevane i fyrste og andre klasse har støtta prosjektet aktivt, og gjer ser klare til det er deira tur.

Pengane har dei fått inn på ei rekkje aktivitetar, som misjonsløp, sponsing, lotteri, kafédrift, ”måneskinsturar” og ei lang rekkje andre kreative påfunn.

Ungdommeleg pågangsmot

Det starta som ein optimistisk draum og eit ambisiøst mål om å nå ein million kroner. No har draumen gått i oppfylling, og vel så det. Ungdommeleg pågangsmot og hjartevarme – og glade gjevarar – har skapt eit unikt resultat.

– Det er svært motiverande å sjå at målet er nådd, men det viktigaste er kva dette betyr for fattige menneske i Afrika som ikkje har tilgang på sjukehusbehandling for alvorlege lidingar, seier leiar i misjonsprosjektet, Håvard Drange.

Ifølgje Drange kan det medisinske personalet om bord i MS Africa Mercy til dømes gje over seks hundre blinde synet tilbake, eller meir enn tre hundre menneske kan få fjerna store og livstrugande godarta kreftsvulstar i ansiktet for denne pengesummen.

– Mange menneske får eit nytt liv. Det er det viktigaste, seier leiar i misjonsprosjektet, Håvard Drange.

Drøym stort

Drange rosar medelevane sine for det store engasjementet i saka.

– Dette er eit prosjekt alle har drege lasset i lag. Utan at medelevane mine hadde vore så flinke til å ta initiativ og vera pådrivarar hadde me ikkje klart å nå målet. Misjonsprosjektet har vore ”alle sitt prosjekt”. Samstundes har leiinga i Mercy ships vore veldig flinke til å følgja prosjektet opp, seier Drange.

Det ligg mykje arbeid bak misjonsprosjektet, men Drange klagar ikkje.

– Det har teke tid og krefter, men prosjektet har gjeve meir enn det har teke. Dette er eit arbeid som går frå hjarta til hjarta, seier han.

– Kva har misjonsprosjektet gjort med dykk?

– Me har sett at Gud er større enn me trudde. Det har også lært oss at det kan vera lurt å drøyma stort. Me har så lett for å avgrensa oss sjølve. Dette er ein fin lærdom å ta med seg vidare, seier han.

Neste år er det den flybaserte hjelpeorganisasjonen Mission aviation fellowship (MAF) som vert mottakar av misjonsprosjektet på Framnes. Det er elevane som avgjer kven prosjektet går til, ved avstemming, etter ein presentasjonsrunde av ulike kandidatar på skulen.

MAF sitt prosjekt vert kalla Medical safari, som mellom anna går ut på å bringa legehjelp og anna naudsynt hjelp til isolerte landsbyar i Tanzania.

Bilde: Årets russekull på Framnes kristne vidaregåande skule i Norheimsund i Hardanger. Avslutningsdagen.

Redaksjonen
28.06.2012 17:18

<--Tilbake      Tips en venn


 

 

 


Google Idag.no
Hvordan står det til med Friheten i stort – og vår Grunnlov?
Vi har feiret 17. mai. Det bør etter vårt skjønn prege vårt arbeid hele året. For vi kan miste våre hevdvunne friheter, som Grunnloven er den Gud-inspirerte basis for.
  • Sannheten om blodet som flyter i Gaza
  • La oss feire 17. mai – så vi ikke mister mer
  • Hva gjør jeg når jeg blir 70 - og seniorbølge?
  • Skattelette og rentefest med bismak

  • Takk til Hallaråker
  • Sluttreplikk til Jan Pedersen
  • Klamring til kirken som forsvant
  • Nok er nok
  • Jeg anklager

  • Obama-administrasjonen krever homostøtte hos statsansatte
  • Hevder jødene står bak homo-ekteskaps-lovgivningen
  • I brann for Jesus og Israel
  • Drivkraften er Jesusgleden og pinseilden
  • Israel avlyser planlagt UNESCO-besøk
  • Israel -verdens største eksportør av droner
  • Hizbollah har lidt svære tap i Syria
  • Kerry innleder ny Midtøsten-fredsrunde
  • Syria: «Vi vil sende missiler mot Tel Aviv»
  • De har hjulpet 25.000 mennesker ut av rus
  • Jo Benkow er død
  • Negativ rekord i Israel – fattigste blant utviklede land
  • Haugesund-kristne i folketoget
  • Fredsprosessen forventet gjenopptatt i neste måned
  • Spenningen stiger – russiske krigsskip sendt til kysten utenfor Syria
  • – Helt uholdbart
  • Norske pengegaver til «Palestinavenner» ute av kontroll
  • Gud signe vårt dyre fedreland
  • Total mørklegging av Netanyahu-Putin-møtet
  • Israel overveier nye angrep mot Syria