Bestill boken!
Norge IDAG/Verdibanken - forsikring - stort banner
 

Onsdag 22. mai

Tipstelefon: 55 92 29 00 E-post: tips@idag.no  
Bruk idag.no som startside 
Untitled Document
Abort
Familie
Kristenliv
Midtøsten
Næringsliv
Politikk/Økonomi
Samfunn
Skole
Teknologi & Media
Abort
Friskoler
Midtøsten
Næringsliv
Samfunn & Familie
Tro og lære


Holocaust bok - NID kabb.no visjonnorge.com hjhome.org mamut.no/unihelse israeltoday.no morfarbarn.no homofili.com
 
Joffi
Europrint

Usakleg kritikk av Kulturrådet

(Kommentar): Norge IDAG hevdar 12.12. at Norsk kulturråd vil bli kvitt avisa. Det finst ikkje sakleg grunnlag for den påstanden.

Norsk kulturråd har i 2008 arbeidd grundig med å utforme retningslinjene for ei støtteordning for veke- og månadsaviser. På leiarplass 12.12. bruker Norge IDAG sterke ord om resultatet. Leiarskribenten meiner at Kulturrådet har sagt fram ein ”dødsdom over vår pressestøtte” og skriv at grunnen til at Kulturrådet vil bli kvitt avisa, sikkert er at ”vi er den avis som nevner Jesus”.

Slik skriv avisa på side 4. Den som les vidare på side 5, vil få med seg at redaktøren i avisa lærte nokre gode prinsipp for avisredigering av Arthur Berg. Eitt av dei prinsippa var å stryke ”gransking av motiver som vi ikke kan vite noe om”. Slik motivgransking er usakleg, står det skrive på side 5.

Det er eg heilt samd i. Leiaren på side 5 om usakleg motivgransking er ein presis karakteristikk av leiaren på side 4 som nettopp spekulerer i motiva til oss i Norsk kulturråd.

Stortinget og regjeringa har overført støtteordninga for ei rekkje veke- og månadsaviser til Norsk kulturråd. Der har eg leidd arbeidet med å utforme retningslinjer som både kunne samsvare med det generelle mandatet Stortinget i si tid gav Norsk kulturråd, og som kunne gi ei støtteordning med same innretning som dei mange andre støtteordningane vi har ansvaret for. Norsk kulturråd vedtok på møte 2.12. at føremålet for denne ordninga skal vere å ”bidra til å opprettholde og utvikle ukes- og månedsaviser med ulik kulturell og samfunnsmessig betydning”. Den formuleringa er henta direkte frå eit stortingsdokument som alle partia i Stortinget har slutta seg til.

I arbeidet med denne saka la eg stor vekt på at vi skulle ha open kontakt med publikasjonane som no får støtte frå oss. Vi inviterte til fleire møte og sa tydeleg frå om at alle var velkomne til å ta direkte kontakt. Noreg IDAG var ein av få som gjorde nettopp det. På eit møte i november takka nettopp Bjarne Ystebø frå Norge IDAG for at vi hadde gjennomført ein ryddig prosess. Det sa han blant anna etter at eg ved fleire høve hadde streka under at midlane i ordninga blir fordelte ut frå ei samla skjønsvurdering, og at det er heilt utenkjeleg at meiningar om innhaldet skal ha noko å seie for fordelinga av midlar frå den nye ordninga.

Dette teier Norge IDAG om. I staden hevdar avisa at vi som har arbeidd med ordninga, misliker at Norge IDAG skriv om Jesus. Slikt kan avisa berre skrive ved å la vere å tru på det eg seier. Det finn eg meg ikkje i, og eg ventar at redaktøren grunngir korleis han kan vite betre enn eg kva eg meiner.

I tillegg skuldar avisa heile rådet i Norsk kulturråd for å ha motiv ingen vil snakke høgt om. Debatten om denne ordninga har vore ført for opne dører i rådet kvar gong den har vore oppe i 2008. Hadde Norge IDAG vore til stades, ville avisa visst at ingen har ytra eitt einaste ord som gir grunnlag for den stygge påstanden i leiaren 12.12. Det er faktisk slik at enno har ingen publikasjon mista støtta frå denne ordninga. Ingen i Norsk kulturråd veit om nokon publikasjon vil falle utanfor støtteordninga, eller kven som eventuelt gjer det. At Norge IDAG alt har konkludert, har ikkje noko å seie for dei vedtaka Norsk kulturråd skal gjere i mars 2009.

Ottar Grepstad,
rådsmedlem og leiar fagutvalet for litteratur i Norsk kulturråd

Ottar Grepstad
16.12.2008 16:03

<--Tilbake      Tips en venn


 

 

 


Google Idag.no
Hvordan står det til med Friheten i stort – og vår Grunnlov?
Vi har feiret 17. mai. Det bør etter vårt skjønn prege vårt arbeid hele året. For vi kan miste våre hevdvunne friheter, som Grunnloven er den Gud-inspirerte basis for.
  • Sannheten om blodet som flyter i Gaza
  • La oss feire 17. mai – så vi ikke mister mer
  • Hva gjør jeg når jeg blir 70 - og seniorbølge?
  • Skattelette og rentefest med bismak

  • I smeltedigelen - Takk for Jo Benkows tjeneste
  • Takk og blomster til Johan I. Holm
  • Arbeidsplasser er løsningen på klimakrisen
  • Bjelland, De Kristne, og KrF
  • Er Israel i fare?

  • Obama-administrasjonen krever homostøtte hos statsansatte
  • Hevder jødene står bak homo-ekteskaps-lovgivningen
  • I brann for Jesus og Israel
  • Drivkraften er Jesusgleden og pinseilden
  • Israel avlyser planlagt UNESCO-besøk
  • Israel -verdens største eksportør av droner
  • Hizbollah har lidt svære tap i Syria
  • Kerry innleder ny Midtøsten-fredsrunde
  • Syria: «Vi vil sende missiler mot Tel Aviv»
  • De har hjulpet 25.000 mennesker ut av rus
  • Jo Benkow er død
  • Negativ rekord i Israel – fattigste blant utviklede land
  • Haugesund-kristne i folketoget
  • Fredsprosessen forventet gjenopptatt i neste måned
  • Spenningen stiger – russiske krigsskip sendt til kysten utenfor Syria
  • – Helt uholdbart
  • Norske pengegaver til «Palestinavenner» ute av kontroll
  • Gud signe vårt dyre fedreland
  • Total mørklegging av Netanyahu-Putin-møtet
  • Israel overveier nye angrep mot Syria