NID, BOK, Skjebnetid
 

Fredag 3. sep

Tipstelefon: 55 92 29 00 E-post: tips@idag.no  
Bruk idag.no som startside 
Untitled Document
Abort
Familie
Kristenliv
Midtøsten
Næringsliv
Politikk/Økonomi
Samfunn
Skole
Teknologi & Media
Abort
Friskoler
Midtøsten
Næringsliv
Samfunn & Familie
Tro og lære


Norge idag, ledig ann.plass Pastor Torps Blogg kabb.no visjonnorge.com hjhome.org mamut.no/unihelse israeltoday.no morfarbarn.no homofili.com
 
Åpne Dører
Misjonen Jesus Leger HELSEBUA - Israelkrem

Rundar 17000 underskrifter

– Det har vore ein heilt utruleg respons, og i dag formiddag rundar me 17000 underskifter på nettet, seier Dag Rune Lid, ein av initiativtakarane til oppropet: Ja til fortsatt Kristen formålsparagraf.

– Orda frå Mat. 21.42 set vel ord på det ein kan føle, der det står: «Av Herren er dette gjort, og underfylt er det i våre augo.» Mange er med å ber for saka, og det er me svært takksam for. Eg fekk seinast e-post frå ein ven i Danmark i dag, der han fortalde at dei på sine bønemøter hadde bedt for denne aksjonen i Norge.

— Eg opplever at SMS er ein utruleg effektiv reiskap til å samle inn underskrifter på. Midt på dagen på laurdag la eg ut ein liten notis på www.josafat.no om korleis ein skulle registrere seg ved hjelp av SMS. Då var det kome inn ca. 1700 underskrifter, og då eksploderte det heilt og innan sundag kveld passerte det 10.000 underskrifter, og berre mandag kom det inn over 5000 nye underskrifter. Me har difor bestemt oss for å oppretthalda opprop.no enno nokre dagar til for å sjå korleis dette utviklar seg.

– Eg trur det enkle er ein nøkkelfaktor her. På telefonen skriv ein berre inn: «opprop josafat mitt navn, hjemsted» og berre sender tekstmelding til 2400.

Som ei eksemplifisering viser eg ein av dei meldingane som no fyk rundt på SMS-nettet:
«Den kristne formålsparagrafen i skole og barnehage er foreslått fjernet. Protester! Støtt underskriftskampanjen og send SMS: opprop josafat ditt navn til 2400. Det koster 1.50. Send meldingen videre.»

-– Det at ein kan sjå registreringa på skjermen berre sekundar etter at ein har registert seg, har nok også før til at mange sender til mange og kanskje heile tlf. lista, si og så følgjer dei med på opprop.no kven som registrerer seg.

– Eg trur at dette med at Djupedal og sosialistane vil tukle med den kristne formålsparagrafen er nok ei av hovudårsakene til at mange er frustrerte og ynskjer å gje uttrykk for dette. Det er stor frustrasjon ute i folket korleis han går fram, og på alle vis vil prøver å fjerne vår kristne arv.

– Det første han gjorde var å «stele» godkjenningar til kristne grunnskular som var godkjende, då han hausten 2005 kom med ei lov der han trekte attende godkjenningane til dei som ikkje hadde klart å starte opp. Grunnlova seier at ei lov ikkje kan ha tilbakeverkande kraft, og sjølv om han fekk lovavdelinga i justisdepartementet til raskt å konkludere med at tilbaketrekkingane av desse godkjenningane ikkje var lovstridig, er det ikkje tvil om at den vanlege mann og kvinne opplevde dette som triksing for å gjennomføre sine eigne maktovergrep.

– Etter den tid har me gong etter gong opplevd korleis Djupedal prøver å fjerne vår kristne arv og alt som luktar kristendom. Behandlinga av bordvers i skulen, kristne grunn-, vidaregåande- og høgskular og no sist den kristne formålsparagrafen er nokre stikkord frå dei synlege sakene me har opplevd. Danielsens-saka, der Djupedal plutseleg trekkte attende støtte til eit opplegg som har fungert utruleg bra over mange år, er også eit klassisk eksempel på korleis han går fram.

– Det opplever mange som eit overgrep og det skapar sterke reaksjonar når han går inn slik og rammar eit opplegg frå ein kristen skule, medan Øystese Gymnas som har kopiert Daniel sitt opplegg, får behalde støtte til eit tilsvarande opplegg. Eg trur summen av alle desse sakene gjer grasrota no ynskjer å gje uttrykk for at Nok verkeleg er Nok, og at ein i eit demokratisk samfunn ikkje kan gå fram på denne måten utan å krenkje mindretalet sin rettar.

– Difor trur eg at ei av dei viktigaste årsakene til at responsen for støtte til den kristne formålsparagrafen har eksplodert dei siste dagane ligg nettopp her. Når ein får ei oppfordring om å støtte kampen for den kristne formålsparagrafen så blir det også eit uttrykk for at ein ikkje kan akseptere Djuepdal og sosialistane si framgangsmåtar på dette området, avsluttar Dag Rune Lid.

Dag Rune Lid. Foto: Ingar Gangås.

_

Red.
21.02.2007 15:50

<--Tilbake      Tips en venn


 

 

 
www.oslokirken.no


Google Idag.no
Vi kan tape slag, men vi vinner krigen
Kristenfolket har tapt et stort og viktig slag om KrF stryker bekjennelsesparagrafen, men de vinner krigen. De vil seire til slutt.
  • Hvorfor kristenfolket vinner - om de taper KrF
  • Kirkens vigsel det primære
  • Kan fjerning av bekjennelsesparagrafen splitte KrF?
  • Kan den rødgrønne regjeringen overleve?

  • Norges største bedriftseier flykter fra Norge
  • KrF i panikk på den brede vei
  • KrFs vei til graven
  • Ikke realitetsendringer?
  • ”Fredskonvoien”

  • Hvorfor slik angst for Bibelen, professor J. Haaland Matlary?
  • Skal innta Østfold med Jesus
  • - Stort byråkrati vil føre til lærerflukt i skolen
  • - Hyklersk og tullete
  • - Regjeringen særbehandler israelske selskaper
  • 4 israelere drept i Hebron rett før toppmøte i USA
  • Evangelist Tom Scarrella til Skien
  • Republikanerne fosser frem
  • - Vi trenger bekjennelsesparagrafen
  • Hvem skal til middag i det hvite hus i morgen?
  • Kirkens SOS åpner chat-tjeneste
  • Ønsker mer svenske tilstander for friskolene
  • Flåte fra Israel til Gaza for å få Gilad Shalit løslatt
  • Nå begynner de direkte forhandlingene
  • - Positivt at strategiutvalgets forslag er parkert
  • 60 frelst på 14 dager
  • Norge, politikk og kristendom
  • Aano seier opp si stilling som NMS general
  • Dansk prest med spennende oppgave for norsk Israelsmisjon i Israel
  • Jesus-fokusert menighet i Alta